Livet på Danvik.

Etter den gripande overskrifta kan du ikkje gjere noko anna enn å halde fram med å lese dette innlegget. Utan tvil.

No sitte eg i senga mi på Danvik og høyre på musikk og venta på tinnitus. Livet er forbanna bra.

http://open.spotify.com/track/1dEQrq8HvoXwX8a56EafWr

(Du må liksom høre sangen mens du lese for å få stemninga sant)

Eg har overlevd to veker som radio-rookie på Danvik folkehøgskule. Her bur eg på 18kvm med ein nordlending som er som nordendingar flest. Priceless under the alkafluence og inkahol.

Eg har ikkje fotoapparat, men eg kan ta nokre bilde med mobilen min av rommet og sånt. BRB.

Sånn! Ait. Då kjøyre eg på.

dsc01076
2. etasje, hovudbygget Danvik FHS, Drammen City.
Ser kanskje litt sterilt og skummelt ut, litt om ein eller anna helseinstutisjon. Men folk flest er normale og kjekke.
Eit par stykke frå Steinkjer som kanskje skulle vore innlagt, men elles no worries.

dsc01075
Nesten i enden av gangen finn du denne døra. Bak den er eg og Maylèn frå Svolvær. 207 FTW.

dsc01072

Her er mi side av rommet. Der er dataen min. Den skriv eg på no. Eg har blitt mykje flinkare å rydde. Det ligge ingenting på golvet.



dsc01074

Men klesskapet mitt er fortsatt old school-Blingvild-style.


dsc01078

Jimi og Bob er framleis dei fyrste eg ser om morgonen <3


dsc01073

Badet vårt som eg må KNEKKE og SMYGE meg inn i kvar morgon. Og legg merke til: Ryddig.

dsc01077

Mitt nye livsverk. I løpet av året skal eg bygge eit snustårn. Så langt har eg berre fire boksar, men eg snusar for harde livet. Har blitt kvitt kallenavnet Leppa då. Det er heilt greit.

Love you all. Fred ut.

Heilt topp.

Eg skal eigentleg pakke flyttelasset mitt no.

I staden har eg sett Partydronninger på NRK sitt Nett-TV.

I fire timar.


rosemary

Dette bilete er tatt av Fredrik frå  Graasona.

På bilete kan du sjå Rosemary, som er heimkunnskapslærar og lærer uansvarlige tarts frå Storbritannia å oppføre seg som ladies.

Rosemary er ei veldig kjekk dame.

Eg MÅ få meg eitt liv snart. Eventuelt pakke.

Blogg - på lavt nivå

No er det tre dagar til eg flyttar til Drammen.

Eg skal bruke desse tre dagane på å vaske kleder.

Eg skal lage radio i Drammen.

igvk



Hei Sonja, Christine, Mariell og Fredrik.

Eg skriv blogg.

Eg har fire lesarar.

Kor mange har du?

Om du skal til Amsterdam må du...

ossiamst
...ta med deg folk du likar.

snop
...handle snop på Jamin.

sex
...gå på Sexmuseet.

bijons
... sjekke ut vintage-sjappa Bij Ons. Ikkje bare er der masse kult, men han som står i kassa er verdens mest sexy mann.

megpannekake
... ete pannekaker på pannekakehus.


....GÅ PÅ BITTERZOET!
 

Der er minst sytten andre ting eg har ustyrleg lyst til å poste her, men her er i alle fall noko av det som verkeleg gjorde vår tur betre. Alle dei tradisjonelle turistmåla er sjølvsagt kjekt og sjå, men ein får verkeleg mykje meir ut av ein ferie om ein menger seg med lokalbefolkninga og prøver å få i alle fall èin ven.

Ellers anbefalar eg:
Anne Frank-huset
Abraxas (unik plass, uansett kva du skal der)
Red Light District
Westermarkt, om du likar handling og marked. Dette er kun åpent på mandagar! Mange foretrekker å gå på Waterlooplein, som er det største markedet i Amsterdam og er opent kvar dag. Men eg synest verkeleg at det var mykje betre ting på Westermarkt, og mindre av desse "stygge t-skjorter og flagrandre kle"-bodene.
Febo er kjekt. Du puttar pengar på ein vegg, og så opnar du ei lita luke av ca. 100 og tar ut maten av luka. Skikkeli drittmat, men skikkeleg søtt.
Gå litt rundt i bydelen Jordaan er heller ikkje så dumt. Veldig fint og sjarmerande. Styr unna lunsjtidene, for der er heilt umogeleg å finne ein plass å ete om du er meir enn to personar.

Det tar aldri slutt.








bror8f
...og til slutt. La familiemedlem vere igjen heime.

Photoshop workshop

gislur
ansiktgisle

I dag har eg photoshoppa all day:)

Eg elska photoshop.

Photoshop workshop

gislur
ansiktgisle

I dag har eg photoshoppa all day:)

Eg elska photoshop.

Life`s a beach, and then you dive.

csbpurse

Nokon gong følt det sånn?
Ikkje?

Prøvd E-bay?

Eg er så nærme eit avhengighetsproblem når det gjeld E-bay som det er mogeleg. I dag fekk eg ikkje mindre enn to pakkar i posten då eg kom heim. Og begge var frå E-bay. Den eine var heldigvis ei julegåve i det minste. Men det aller meste eg kjøper er totalt unødvendige ting. Dog ikkje så unødvendig som Christine (www.spatz.blogg.no) sitt kjøp som var ti påfuglfjær. WTF. Men du må elske det. Billig, bra og du får tak i ting som ingen andre har. Eg elskar E-bay.

KRIG

No er det krig. Med gutta i streeten.

Vi hadde ein fredeleg bollekveld i går, for å feire 1. desember. Vi baka mange bollar og laga kakao og alt.
Men det endte jo med at kremmen som eigentleg skulle vere i kakaoen endte opp på med og min sambuar, Gunn.
Slikt kan vi ikkje finne oss i. Vi måtte ta hevn.


Vi fann all salami og pølser vi hadde og limte dei på bilen til ein av våre offer. Desverre hadde vi ikkje meir en ca. 60 pølser og fekk ikkje dekka bilen heilt.

n56579576221396522296

Men vi fikk spreidd det bra utover heile bilen. I fine mønster og formasjonar.

Vi tenkte: Dei som ler sist ler best. Men NEIDA.
No må de forberede dykk på noko ekkelt. Vi kom heim, satt å slappa av.
Og då vi opna døra ut av leiligheten låg det ein BÆSJ utanfor døra. HALLO.
Langt over streken. Som sagt på Friends: Det var så langt over streken at dei ikkje en gong kunne sjå streken.
Dei var faktisk så langt over streken at Christine, min tredje og sveitsiske sambuar KLIKKA. Og om du  nokon gong har sett ein sveitser klikke skjønar du kva eg snakkar om.

(Det kan hende dei gjor dette fordi Gunn kasta ei and utan haud inn i leiligheta deiras. Eg ekje heilt sikker)

Men i allefall, HEVN.

Etter mykje brekningar og oppkastfornemmelsar fekk vi med oss den vanvittig ekle bæsjen. Og la den på frontruta til offeret. Med eit kremhjerte rundt. No ventar vi spent på neste trekk.

OG VI ER FORBEREDT.


Eg er fullt klar over at dette er veldig lite voksent og eg og mine sambuarar skammar oss over kor lavt vi har sunke.
Men vi kan ikkje gje oss no.

Takkino. ja, kino i taket liksom.

Eg er stressa.

Men grandisen er i ovnen, og håpet om en time med "middagskvild" lev endå.
Klassa mi er no i Q-film veka. Vi har arrangert denne filmfestivalen og no går den omsider av stabelen.
I kveld skal vi ha kino i taket. Og eg gledar meg. Bare om folk likar idèen og ikkje sovnar blir eg lukkeleg, og det er verdt kvar eit minutt vi har brukt på dette prosjektet. Men om det går til helvete, blir eg så lei meg og irritert at eg drikk meg full. Åleine.

Så PLZ ta med puta og kom på takkino i dag i Firdahallen på Sandane, om du er i området såklart.
Vi viser "Be Kind Rewind", og det er ein koseleg film kan du tru!

I det minste synest eg du kan sjekke ut nettsida vår: www.qfilm.net

bekindrewindposter

Eg er hekta på E-bay

Eg har kjøpt noko på E-bay.

Og eg har 42 andre ting eg ønskjer meg. Det er farlig når du kan sitte å handle i skuletida, i senga, mens du lagar middag og bak døra. Eg er blitt en addict. Bare syns e ikkje er rik.

0bd01

Kvifor?
Fordi eg elska Napoleon Dynamite. Og Pedro.

Og eg ville faktist stemt på Pedro.

Diktfredag!



Mona:

Mona kjøre i sin BMW,
opp og ned
alle vil vere med
Claude Monet.

Ho gir oss eit smil,
i bakgrunnen høyrer vi electric feel.
og så seier ho:

"Hopp inn,
så tar vi ein spin,
men Blingvild er shotgun"
og eg seier "Hei Gunn!"

Så kjøre vi inn i solnedgangen,
mens vi synger denne sangen:
HEILÅLILÅILÅA




Merci Beaucoup:

Du er flott!

Etter ein kopp med ambisjon.
Får du eit dikt til motivasjon.

Eksamen er viktig,
det er heilt riktig.
Men du du vil bestå med glans,
og etterpå kan vi ta ein dans,
helst utanlands.

Bare forbered deg godt,
om du får ei utdanning
kan du kjøpe deg eit slott.
I Skott
-land.

Eller noke.
Men ikkje la kjedlighetens tåke,
måke
motivasjonen heilt ut av kåken.

Lykke til med eksamen!

men vi veit jo alle.
Eksamen er ikkje flaks,
så yt max!



  Marie Kristin:

Dette er ikkje eit brev,
men viss du vil kan eg putte det i ein konvolutt.
Då får du det i posten til slutt.

Skrive du tilbake,
skal du få kake.
Må bare lære meg å bake.
Kaker er saker.

Heia Barack Obama.
Gjer slik som Bama:
Et fem om dagen.



Diktfredag!

It`s on.

igjen. OG det er fordi Merci Beaucoup er så flink å overtale!

Greia er, eg skrive lavkulturelle dikt på rim, til dei tre fyrste som kommenterer, og så posta eg dei på fredag.


No får eg bare håpe at tre stk. gidde å kommentere då..... :/ PLIS



Smakebitar:


Til Anne Lina:

Du er til å ete opp.

Deilig som nougat.
Aromastisk som muskat.

God som lasagne.
Tøff som en kastanje.

Du er faktisk the sjampinjong.

Og ettertrakta som kantarell.
Ein ekte karamell.

Søt som Asina.
Det er deg, Anne Lina.




Til Merci Beaucoup:

Alle gode ting er tre
Oh yeah

Mi trufaste leserinne
du får eit kyss på kinne
og eg lite minne:

Roser er røde
blåbær er blå

Eg er søt
og du er likeså

.


Til Merci Beacoup:

Kjære Merci Beacoup,
dette er dikt nummer to.
Det blir like romantisk som under den hvite bro.

Berre tulla,
eg er ei skrulla.
Men eit dikt på dialekt,
det er kjekt.

Du er og ein kjekkis.
Slett ingen frekkis,

Du er snygg,
motsatt av stygg.

Du er kul
sommar og jul

Til Countess Bathory:

Kjære Countess B.

Ta å chill`a
Du FORTJENER en tortilla.

Det her har du ikke rett i.
KOS deg med spaghetti.

Alt er heilt grett.
Det er ikkje usunt med ein baguette.

Her er min filosofi
Livet er betre med salami.


Eg fekk ei utfordring. Ja. Ok.

Tanken på å skrive blogg igjen har sverma i hovudet mitt ei stund no. Skal, skal ikkje. Eg har lyst, men eg likar ikkje gjere ting halvvegs. Eg vil enten skrive blogg kvar dag, og ikkje minst bra! Meeen.. d virkar ikkje som om eg har tid eller særleg lyst. Og då blir det jo halfass.

Men no er begeret fullt av blogglyst, og når Mona (bmwmona.blogg.no) (nei, eg orkar ikkej linke sry) gav meg ei utfordring på sin blogg kunne eg ikkje halde meg unna tastaturet.

Ok.

Utfordringa var.


Rules:
- Put these rules onto your blog and link back to the one who challenged you.
- Share 7 things about yourself people probably don't know about you.
- Challenge other bloggers you would like to know abit more about.- Let them know that you've challenged them!




1. Eg har lemus overalt nesten
2. Eg har løfta en dverg.
4. Mi syste på 12 år er høgare enn meg. Litt flaut når eg er 18.
5. Eg ser på Dr. Phil når eg e fyllesjuk.
6. Eg likar ikkje krokan-is.
7. Eg har ei frimerkesamling som eg har limt med potetmjøl og vatn-lim.

Eg utfordra MAWIELL! hjartesmil.blogg.no

Au, eg fekk eit glimt i auget.

eg sove

Eg er skulelei.
Men ellers ok.

Do Your Best And Don`t Worry

@

Ein foredragshalder til filmfestivalen vår, Q-film, er i boks. Som overskrifta hintar om er det Hopland.
Han har laga musikkvideoar for Poor Rich Ones, Sissy Wish, Madrugada, De Lillos og ikkje minst Ralph Myerz, som du ser over.
Og så har ein laga ein av mine favoritt kortfilmar: "Noen ganger gjør det vondt".
Om du interesserer deg for film, så sjekk det ut. 

Eg trur dette blir kjempebra. 

Og berre sånn btw, om McCain vinn valget i USA veit eg rett og slett ikkje kva eg skal gjer.
Men eg tar det rolig for no og skal på isfest i kveld, og seinare nyte ei flaske vin med ein canadier.

Når vi snakkar om skulefoto.

myyearbookphoto


www.yearbookyourself.com


Her kan du sjå korleis du hadde sett du hadde sett ut i årbøkene frå 50-talet til i dag.
Dei fleste bildene vart betre enn det over, men av ein eller annen grunn vart nokre av bildene i QuickTime og noken ein eller annan merkelig filtype som ikkje funkar her. Om nokon finn ut av korleis eg kan få alle i QuickTime hadde det vore fint.


LOVV ITT! Det er så herlig cheezy. (Takk for uttrykket Chriz)

Det er så kjekt at eg kan innrømme at eg har brukt 2 timar på det i dag, og fortsatt tørre å påstå at eg har eit liv.
Eg er no i gang med å ta alle dei andre eg kjenner. Inkludert mamma.

Skulefoto

dsc00656

For fyrste gong på dei 12 åra eg har gått på skule, ser eg ikkje ut som eg har minst tre sjukdommar på skulebilete mitt.  Skål for det!

Muffintops.

Ein av dei tinga som irriterer meg er jenter, som ikkje nødvendigvis er feite, men likevel skal ta på seg kle som er altfor små, som får dei til å sjå feite ut. Dette gjeld spesielt bukser, der kjærleikshåndtaka får fritt spelerom. Ikkje bra. Det ser ikkje to størrelsar mindre ut av å gå med kle som er to størrelsar for små! Evt. kan ein jo velge høgare liv, eller vidare toppar.

carnivalmuffintop
Så gjer meg (og dei fleste andre) ein tjeneste før du går ut døra om morgonen. Sjå deg i speilet og spør: MUFFINTOP?


For fleire eksempel: www.muffintopmadness.com

PØNSJ

Eg er god å lage punsj.

dsc00639'


(kanskje ikkje det beste comebacket, men husk. I`m still, i`m still Blingvild from the blog)

Ok?

Ny hoft.

Hadde ei svært sjarmerande på bussen heim frå jobb i dag...

Bussjåføren (bs): Det var godt å stå litt etter all denne køyringa. Eg blir sleten i ryggen og hoftene.
Gammal mann (gm): Ja, eg fekk no ny hoft i 1995.
bs: Åja?
gm: Ja, den funka jævla bra. *legg beina demonstrativt i kors*
bs: Mhm.....
Sossete dame (Sd) kjem utanfor: Når skal dette fjøset køyre vidare?
Bs: Jo, snart. Må bare få ombord den siste kyra.
Sd vart ganske sur.

bussekebergbanen01

Tre hull.

3 hull

www.klara-klok.no

Ei flott side for deg som lurer på sex og sånn.



Love you Anne Lina.

Singulier

I går leste eg ein artikkel om grill-accessories på db.no, eller vg.no. Er rett og slett ikkje heilt sikker, men i alle fall. Der  hadde dei linka til ei side som eg synest var utruleg sjarmerande. Singulier.com. Dette er ein fransk handleside, som har koselege, kitsche og smarte ting. Sjekk det ut:

singulier1kusingulier2ku
singulier4nasekopparsingulier3kjleskapmagnet
singulier5knivmannsingulier6tekanne
singulier7tepottsinguliermunntelefon
singuliernasesett3singuliersolglass


Skulle ønske eg snart hadde bursdag, for då hadde eg ønskt med nasekoppar eller munntelefon.

No cure for love

.. men eg har funne ein kur for kjærleikssorg. Eg må rett og slett fortelje om noko fantastisk flott som eg gjorde i går.
Sidan eg og kjæresten min slo opp for to dagar sidan, etter eit år saman, har eg vore litt nedfor og betenkt dei siste dagane. Mens eg gjekk ute i skogen aleine og høyrde på melankolsk Thomas Dybdahl-musikk og deppa litt ringte mine vener Christian, Geir, Vegar og Kristin. Dei skulle til Måløy å bowle og sa at no, Blingvild, må du vere med.
Så eg blei med. Då vi kom til bowlinghallen, fekk vi ikkje lov å bowle fordi det var bare ti minutt til dei skulle stenge. Vi vart svært lei oss, og Christian punkterte ein badeball i raseri, og sa: "Då reiser vi på Refviksanden og nakenbadar".
Refviksanden ser slik ut:

refvika2
Den har vore kåra til Noregs finaste badestrand fleire gonger, men vi var der om kvelden, så då såg der sånn ut:

refvika
Og då er den om mogeleg ENDÅ finare.

Vi nakenbada ikkje. Fordi der var mange glade menneskjer å spelte volleyball. Men vi bada. Og det var fantastisk. Sjølukta og bølgene gjer meg lykkeleg. Der og då tenkjer du ikkje på noko anna enn å bade. Det er godt å koble ut med naivistiske tankar ein gong i blant, det hjelper på psyken. 



Å bade på Refvika
ved midnatt
er verkeleg noko
du bør legge til lista
over ting du skal gjere før du
dør.

Reklamefetish

Som nokre av dokke kanskje har begynt å få med seg, er eg ganske fascinert av reklame. Desse reklame er frå Juni2008, og eg har funne dei på www.adsoftheworld.com, som er ei fantastisk side for å finne idèear, inspirasjon og ikkje minst motivasjon.


jeep20

Den nye Jeep-reklama. ELSKAR den. Det er ein husky og ein kamel. Enkelt, kreativt og originalt. I alle fall ikkje ei reklame du forventa å få frå eit bilselskap anyhow. feedsatrolley

Så til min absolutte favoritt. Dette er ein kampanje for www.feedsa.co.za. Det er ein sør-afrikansk organisasjon som arbeider for å hjelpe dei uheldige i landet. Der har vore rask auke av heimlause og fattige innbyggjarar dei siste åra, men dei rikare landsmennene ignorerer ofte dette. Så det Feed SA gjorde var å ta bilete av bedane born i botnen på handlevognene på supermarkeda, med slagordet: "See how easy feeding the hungry can be?". Kampanjen har så langt resultert i aukande prosent donasjonar og ein skikkelig boost i nettside-trafikken til organisasjonen.

Skulle ønske eg ein dag ville komme på noko så genialt.


Singel

Eg og kjæresten min har slått opp.

Derfor er eg ikkje så veldig keen på å skrive blogg.

kozzzzzzzz4everlizm

Nå kommer snart kjærsten min<3 og han og mej skal koze oss i kvell ;-)
Eg gleder mej til å se han. *kosepå*
Han er bare så utrolig skjønn og fin<3
Dåkke på blogg.no er bare så pene.
Men no veit eg ikke helt ka eg ska skrive!
Eg ælske alle vennene min<3<3<3
Blir mye jobbings framover. Kjipt nå som været er så hæææærlig.
Men kan jo ishe leve uten penger....neij neij


 gid til alle sammen

koz, kyzz og klemz fra Blingvild ;) :-*

pluss XOXO









Ta et jævla hint då.

Eg er lav

dsc00519

og det suger. Eg har alltid meint eg er 1.58, men på jobb i går målte min kollega meg, og sa 1.57. I ein alder av 18 år har eg allereie begynt å krympe. Eg kan jo trøste med meg at Eva Longoria, Kylie Minogue og ein heil gjeng av verdas superhotte damer ikkje er så langstrakte, og eg prisar meg jo lukkeleg over å få bruke høge helar når eg vil, men om noken kunne lånt  meg 10cm, så hadde eg vore særs fornøgd med det.

Kor høg er du?


Eg hatar hundar som eigentleg er kattar

men så blir eg litt sjarmert og.

ingvildnemostor

Slappfisken da!!!

Jada. Nesten to veker har gått sidan eg skreiv blogg. Og no er eg så full av hendelsar og sånt tull å fortelle at eg rett og slett bare kjem til å renne over å fortelje masse usamanhengande og uinteressant og midt opp i det heile gløyme heilt å bruke komma og punktum

.


Eg anar ikkje kvar eg skal begynne. For det fyrste har eg hatt ei fantastisk veke med Hove, med hendelsar til langt oppover halsen, så har eg hatt mine fritidsprosjekt. KVAR KJÆRE, KVAR?! Eg kjøyrer fototaktikken.

dsc00421
JADDDAAA! Begynner med begynnelsen, eller byrjinga då. Teltdreneringa vår. Og det her var før Hove hadde begynt å det heile tatt. Min kjære fortalde skrekkhistorier frå fjorårets festival, med flytande matvarer og gjennomvåt bagasje. Eg var urolig. Søndag holdt eg meg i fosterstilling i botnen av soveposen min og drakk for meg sjølv.

dsc00439
Men sola kom! Og det gjor også Ken Ring, Tommy Tee og Saigon. Dei gjorde ein alvorlig bra jobb på den scena, utenom at Ken Ring fortalde det midtpubertale publikum om kor flink han var å puffe weed i skogen. Ikkje kult.
Stemninga gjekk vidar oppover med Cool Kids, som eg desverre synest kunne gjort ein betre liveopptreden. Eller så hadde eg rett og slett berre alt for høge forventningar. Gutane var jo eitt av mine store høgdepunkt under festivalen. Men så kom Jay-Z og feia alle av bordet! Det va proft, kult og heilt forbanna rått! Eg har ikkje ord akkurat for den delen av festivalen.

Og så møtte eg mange flotte menneske!

dsc00468
dsc00472
dsc00478
dsc00480
dsc00455
dsc00464
dsc00466
dsc00465

piz n luv. Håve 4evr lizm.




Ein jysla bra dag

akselhennie

Eg er begynt å jobbe med filmfestivalen vår, Q-film. Eg har så trua på at årets festival blir som soft-is med sjokoladestrø på. Digg. Prøvar å få tak i foredragsholdar, og vårt fyrstevalg har felt på Aksel Hennie. Han er skodespelar og regissør, så han er ypperleg kvalifisert. Også er han jo fin å sjå på i tillegg, og det er jo ikkje noko bakside når du skal halde foredrag.

Eg håpar vi klarer å ro i land ein deal med han. Ringt han i dag og samtalen fortona seg sånn:

Eg presenterte meg sjølv og sa: Snakkar eg med Aksel Hennie?

A: Ja.
I: DEN Aksel Hennie? (fordi eg syntes ikkje det høyrte ut som han)
A: HAHAHA. Ja!

Det var ein flott icebreaker føler eg. Så snakka vi business.

Ellers har eg fått vete at det er UMULEG for oss å kome opp i eksamen, ergo eg har to dagar igjen på skulen i år.
Eg har også fått eit luksustilbod med avissjefen min, der han spurte om eg kunne ta til takke med 400 kroner for kvar sommarprat eg produserte. Agurkstoff, som folk elskar.

Det går sånn:

Kva er ei sommarlåt for deg?
Alt med Postgirobygget
Kva må du ha om sommaren?
Sol
Sommarmat?
Grillmat
OSV.

Skjønna?

No skal eg skrive om den fantastisk KVART-PÅ festivalen som eg er med å arrangere den 21. juni. Sjekk den ut på www.kvartpaa.no, og så kan du stikke innom rett før du snur nasa mot Arendal og så treffast vi på Hove. Ok?
Les mer i arkivet » September 2009 » August 2009 » Mars 2009
Blingvild

Blingvild

19, Vågsøy

Lagar radio i Drammen.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits